Timeplan

Veke 35-49 2023


Gymsalen på Nedre - Ål skule

Måndag 19:30 - 20:00 Step
Måndag 20:00 - 21:00 pump (styrke)


Onsdag 20:00 - 21:00 Zumba

Torsdag 19:00 - 19:30 Step
Torsdag 19:30 - 20:30 Styrke







Veke 40      2023
Det er i utgangspunktet ikkje trening i skuleferiar, men om timar blir utsatt pga skulen treng gymsalen, eller ved sjukdom hjåinstruktør, kan timar bli sett opp i feriar. Føg med på framsida til www.sportakus.no.



Diverse informasjon


Påmelding

Om du vil melde deg på timar, ta kontakt med Stina Gunhildgard på mail eller telefon:

stinag20@hotmail.com   eller  mob: 90 13 53 57.


Kurs= "klyppekort"

Kursa fungerer som eit klyppekort. Du melder deg på t.d eit kurs : Styrke måndagar = 15 gonger.

Du er då garantert plass på dette kurset i desse 15 vekene.


Om du ikkje kan ein gong på din "faste " time, kan du stryke deg frå din faste plass (oppmøtelista i gangen til trening) og setja deg opp på drop-in lista på ein annan time, slik at du får trent dei 15 gongene du har betalt for.


Du må "bruke opp" desse 15 gongene før kursslutt.
Er kurset frå veke 34-49, må du bruke opp timane før veke 49.


Kursperiodane er

Veke   3- 19 = 15 veker  Vinter

Veke 20- 26 =   7 veker  Vår

Veke 27- 32 =   6 veker  Sommar

veke  34-49 =  15 veker  Haust


Prøvetime

Er du heilt ny, kan du spørja om prøvetime, slik at du ser om dette er noko for deg.


Oppmøteliste finn du i gangen til trening. Her må du krysse deg av før du startar timen.

X   = møtt

__ = kan heilt sikkert ikkje

Heile ruta svart= har ikkje sagt frå= får ikkje teke att timen. Då tel desom møtt. 

 

Drop-in liste finn du i gangen til trening.
Her set du deg opp om du vil ta drop-in på timane.
Stina seier frå om det er fullt. Høyrer du ikkje noko, er det plass på timen.

Du kan sjølvsagt berre møte opp, utan å spørje først!

Men, det kan vera fullt! Du set deg då opp på drop-in lista i gangen til trening.


Klyppekort kan du få med 10 klypp. Klyppekortet er personleg og er gyldig i eitt år etter kjøpsdato.

Når du kjem på trening, får du instruktør til å klyppe i kortet.


Bindande påmelding pga me må ha oversikt over kor mange timar me skal setje opp - kor mange timar me skal leige gymsal og kor mange timar me treng instruktørar.


Om du av helsemessig årsak - plutseleg ikkje kan vera med på din faste oppsette time - kan du bytte time - eller gjera avtale der ein annan person overtek timen din.

Melder du deg på, må du betale fullt beløp for timane du har meldt deg på.  Håpar de har forståing for dette.


Betalingsfrist = i løpet av første treningsveka i kurset. Sei frå om du vil ha giro.

Kontonr: 2320 15 90787.

Ved for sein betaling – kjem eit gebyr på 200 kr.


TRENING ER FERSKVARE!

Du må heile tida halde treninga ved like, for å halde på formen.

For å klare å trene jevnt- over lengre tid -er det viktig å finne noko DU syns er artig: som motiverer deg til å halde fram med trening.


Hugs: Du får meir energi av å trene… og hugs: «har ikkje tid», er ein dårleg unnskyldning til å ikkje trene. Det er alltid snakk om prioriteringar! Om du ikkje har tid til ut på gruppetrening - så set av fast tid og dagar heime!



" Om du ikkje set av tid til trening i dag,

må du setje av tid til sjukdom  seinare"

Sitat frå forelesar på NIH,2011.


Start med trening i dag!

Velkommen til alle -
uansett om du er i god eller dårleg form!