Sportakus Trening

 
Informasjon

På grunn av svært mykje å gjere på Nedre - Ål skule - så må eg sjå an litt når eg køyrer i gang eit nytt kurs. Send gjerne ei melding om du er interessert i å trene. 

         Veke 35-49 2023

Publisert 22.juli 2023


         NB:
         På grunn av stor pågang på timane -

         flyttar me alle timane til gymsalen på Nedre - Ål skule - frå veke 36!
         Dei som ikkje fekk plass i styrkehuset- kan no sende melding til Stina igjen: mob 90 13 53 57.


          Inngang til gymsalen: på sida mot Geilo (vest).

          Treninga er for alle - uansett kjønn, form eller alder!
          Meld deg på i dag! Er aldri for seint å starte - sjølv om me er midt i eit kurs!



          Måndag 19:30 - 20:00 Step
          Måndag 20:00 - 21:00 pump (styrke)


          Onsdag 20:00 - 21:00 Zumba

          Torsdag 19:00 - 19:30 Step
           Torsdag 19:30 - 20:30 Styrke



VIKTIG

* Alle timane blir i gymsalen på Nedre - Ål på grunn av stor pågang!

* Bindande påmelding.
   Om du blir sjuk, kan du få ein anna person til å ta over plassen din.

* Treninga er for alle – uansett form, kjønn eller alder.
* Eitt kurs = 14 gonger

   Kursa fungerer som eit klyppekort.
   Om du ikkje kan på timen du har meldt deg på,
   kan du bli med på ein anna time, slik at du får trent dei
   gongene du har betalt for.

* Du må bruke opp desse "klyppa" før kurset er ferdig.



PRIS 14 veker

20 - 66år

1 time i veka i 14 veker                                1600kr
1,5 time i veka i 14 veker                            2000kr

2 timar i veka i 14 veker                               2500kr
2,5 timar i veka i 14 veker                           2600kr

3 timar i veka +tren alt du vil i 14 veker 2700kr


12-19 år og 67+

1 time i veka i 14 veker                                 1200kr
1 time i veka i 14 veker                                 1600kr

2 timar i veka i 14 veker                                2100kr
2,5 timar i veka i 14 veker                            2200kr

3 timar i veka +tren alt du vil i 14 veker 2300kr

Drop - in                                                              170 kr

Klyppekort 10 klypp                                     1500 kr

varer i eitt år frå kjøpsdato

Konto: 2320 15 90787.
Sei frå om du vil ha giro.


Om du startar midt i eit kurs, så gjer me individuell avtale ang pris.


Gratis zumba prøvetime

   Publisert 10.september 2023


           Det blir gratis Zumba prøvetime på Ål -

           onsdag 13.september kl 20:00-21:00
           i gymsalen på Nedre - Ål skule.

         PÅMELDING TIL:

         Stina mobil: 90 13 53 57



        INSTRUKTØR: LUIS CASTILLO,33 ÅR

        LUIS har studert dans ~ og dansa i 25 år.
        Han starta på danseskule på Cuba då han var 5 år.
        Luis kom til Noreg i 2019 og jobba på Lia trening i Oslo
        i to år som danseinstruktør.

        No har han flytta til Ål med sambuaren sin, Karoline Tveito.

        Luis håpar mange vil slenge seg med til varierte rytmer
        og dansar som salsa, mambo, cubanske dansar m.m. Sjå video under🎥

         DEL DETTE MED DEI DU KJENNER ~
         SÅ LUIS FÅR MED SEG EIN STOR GJENG❣️ 
         FOR ALLE - UANSETT FORM, KJØNN ELLER ALDER!






























Om timane

Pilates / core 

Styrketrening for kjærnemuskulaturen med mange pilatesøvingar på matte.
Treninga bli utført med litt større hastigheit enn pilates.
Effektive øvingar. I desse øvingane er ein heile tida i rørsle.
Brukar matte, airstep, gymball, catslide, lette vekter og pilatesring.
Timen passar for ALLE - uansett treningsbakgrunn!



Step 1 

Kondisjonstrening på step - med  enkle øvingar - der du får pulsen opp - for alle -
uansett om du har null koordinasjon. Om formen er dårleg, tek du berre fleire pauser.
For alle - uansett kjønn, form eller alder.


Step 2

Kondisjonstrening på step - med litt meir avansert koreografi - der du får pulsen opp.
Om formen er dårleg, tek du berre fleire pauser.


Core 
(Core =kjærne) styrketrening med fokus på kjærnen vår=

Mage/rygg trening, men også andre store muskelgrupper blir trent.

Dette er viktig trening for alle - uansett kor god/dårleg form du er i.

Ein sterk kjærne (core) musklatur er viktig, slik at haldningen vår er bra-->

unngå feil haldning --> unngå belastningsskader.

I denne timen får du også trent heile kroppen, sjølv om fokus er på mage/rygg.

Ein artig og bra time som styrkar heile kroppen!

Trening for alle - uansett form, kjønn eller alder.




Mage/rygg

Styrketrening for kjærnemuskulaturen: mage/rygg - stabiliseringsmusklatur.

Timen passer for ALLE - uansett treningsbakgrunn!

Buttlift 30

Styrketrening for setemusklatur - den største muskelen i kroppen.
Me brukar ankellodd, catslide, manualar, stang m.m. For alle aldrar - og uansett form. 


Styrke / Pump

Styrketrening m/ vektstang/manualar. Styrke - litt tyngre vekter og 6-15 reps.
Pump - uthaldande muskelstyrke med mange repetisjonar.
Er du heilt utrent anbefalar me pump. Trenar alle store muskelgrupper kvar gong.
Fin trening for alle - uansett form. Treninga er for både mannfolk og damer.





         Sportakus på facebook

Publisert 8.januar 2021

Sportakus finn du også på facebook: 
Sportakus - trening for alle. 

Her blir viktig informasjon lagt ut, så lurt å bli venn på facebook.



Aldri for seint å starte

Publisert 8.januar 2021

Hugs det er aldri for seint å starte med trening -
sjølv om me er midt i kursa - går det fint an å hoppe inn.



Treningsdagbok tilbod

Publisert 8.januar 2021

Frå 12.-25.februar vil det vera tilbod på treningsdagbok hjå Sportaks - 150 kr pr stk. De vil få gratis veiledning i bruka av boka - om de vil. Ved å notere ned all trening , mål, framgang og måltid - vil dette gje ekstra motivasjon til vidare trening.




Ingen trening

publisert 8.januar 2021

Ingen trening i:

* vinterferien        

* påskeferien

* haustferien


Om timar blir utsett, kan dei bli sett opp att i feriane.
Av og til køyrer me nokre timar i feriar.



     

Nytt 1

publisert 8.januar 2020

        Eigentrening
           m/ treningsopplegg laga av personleg trenar (PT)

        
         Dette er inkludert:
     - Samtale med PT 30min
     - PT lagar treningsprogram
     - PT er med deg 1time og viser/forklarer.
     - Du trenar 10/20 gonger åleine eller i
       gruppe etter avtalt tid i styrkehuset
     - samtale med PT etter 10/20
       treningstimar, 30 min.


      *1t PR.VK - 10 VK: 1500kr
      *2t PR.VK - 10 VK : 2000kr



     

Nytt 2

publisert 8.januar 2020


       Vennetrening

       Instruktør er med deg/de fyrste timen.

       Deretter trenar du/de - på eigahand.
       10 klypp= 600kr

      All trening på eiga ansvar.
      Klyppekortet varar i 1 år frå kjøpsdato.
      Klyppekortet er personleg.



           







 
Meir informasjon

Styrke 

* Styrke

* Mage/rygg

*Styrkehustimar




Kondisjon

* Spinning

*Step

*Zumba

*Pulsstep


Styrkehus i Tveito


Gymsal

på Nedre - Ål Skule

 

 Allidrett 5-10 år

Treningstilbod  

-  Sjå på sida timeplan for meir info om timane-







Kondisjon & styrke

* 4x4 intervall:
  spinning /inneb + styrke

* Crossfit

* Pulsstep&buttlift /mage/rygg

* styrkehustimar

Trening på eige ansvar



All trening foregår på eige ansvar.

Sportakus kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle skader.


Velkommen på trening!



mvh

Stina Gunhildgard

dagleg leiar, Sportakus

mob: 90 13 53 57

E-mail: stinag20@hotmail.com



 Diverse

Kjøpt inn Activio pulssystem

Sportakus har no kjøpt inn activio pulssystem- genialt verktøy for både heilt utrente og godt trente!

Du ser din individuelle treningspuls, anonymt på skjerm bak instruktøren.

Spinningklassen følgjer ein bestemt løypeprofil, vist under klokkene (sjå biletet)

der du ser kor lenge, og når du skal vera i dei ulike treningssonene i løpet av timen.

Pulssystemet blir også brukt på andre pulstimar. Meir info på sida: spinning



Treningsdagbok til salgs

No får du kjøpt treningsdagbok hjå Sportakus. Treningsdagboka kostar 250kr. Ta kontakt om du lurar på noko på mail: stinag20@hotmail.com

eller mob. 90 13 53 57


Med denne treningsdagboka har du lagt grunnlaget for å nå personlege treningsmål. Her kan du både planlegge, loggføre og få oversikt over framgangen din. Du bestemmer kva du vil gjera og korleis du vil utføre dette. For å halde motivasjonen oppe over lang tid er det viktig at du tenkjer over kvifor du trenar, og korleis du best skal trene for å oppnå måla dine.
Du må ha ein realistisk plan!

Årsaka til at du ikkje lykkast med livsstilsendringane dine, kan henge saman med planen du starta med -
eller hadde du ein plan?


Du må føle målet du set deg som attraktivt; noko du verkeleg har lyst å få til, slik at du ikkje mistar motivasjonen undervegs.
Bruk treningsdagboka aktivt – både før – under og etter trening!


Sportakus - video

Hallingdølen 26.januar 2012

 

Sportakus treningsstudio på Ål driv med innandørs sykling på lokale sykkelstigar rundt om i kommunen.

Sjå video her.

Påmelding & Betaling 

         Påmelding

Når du melder deg på trening hjå Sportakus,kan du melde deg på:

* Eitt eller fleire kurs

* Klyppekort 10 klypp - gyldig 1år   1600kr

* Drop - in = 170 kr timen


Kursbolkar 

*Veke   3-19 =15 veker (jan-mai)

*Veke 20-26  = 7 veker (mai-juni)

*Veke 27-32  = 6 veke(sommartr)

*veke 34-49  =15 veker(aug-des)


Kurs

Om du melder deg på eitt kurs, til dømes kurs veke 3-19: måndag spinning kl 20-21, så har du fast plass på denne timen desse 15 vekene.


Om du ikkje kan ein gong på timen "din", så stryk du deg frå oppmøtelista i gangen til trening, eller sender mail om du plutseleg ikkje kan på timen.


Då kan du ta att timen, ved å setje deg opp på drop-in på ein annan time i denne perioden, slik at du får trent dei 15 timane du har betalt for.


Så dette systemet fungerer som eit klyppekort på 15 timar, men at du melder deg fast på ein eller fleire timar i veka.

Hugs å bruke opp desse 15 timane før kursslutt.


Om du ikkje seier frå at du ikkje kjem på timen din, så tel det som møtt. (Pga då kan ingen andre ta plassen din, om du ikkje seier frå.)


Bindande påmelding

Det er bindande påmelding pga me må ha oversikt over kor mange timar me skal setje opp - kor mange timar me skal leige gymsal og kor mange timar me treng instruktørar.


Om du av helsemessig årsak - plutseleg ikkje kan vera med på din faste  oppsette time - kan du bytte time - eller gjera avtale der ein annan person overtek timen din.
Melder du deg på, må du betale fullt beløp for timane du

har meldt deg på. Håpar de har forståing for dette.


Sei frå

Om du ikkje kan ein gong på din faste time: VELDIG VIKTIG at de seier frå på mail til meg - eller ALLER HELST stryk deg sjølv frå din faste plass på oppmøtelista i gangen til trening-

spesielt viktig å seie frå på spinningtimane.

Då kan andre ta drop-in på din time - og du på andre sin...



Betaling

Betalingsfrist er i løpet av første treningsveka -
eller etter anna avtale.

Kontonr: 2320 15 90787


Det vil seie 19.januar- for dei som startar i veke 3.


Om du vil ha giro - send mail til stinag20@hotmail.com

Hugs: merk betalinga med namn på deltakar - og ikkje sambuar...


Velkommen til gratis prøvetime!



Velkommen på trening
i styrkehus i Nossvegen 52
3570 Ål



stinag20@hotmail.com                    www.sportakus.no                mob: 90 13 53 57