Sportakus

Etter at gruppetreningstilbodet på Ål Kulturhus vart lagt ned i juni 2009, spurde fleire venner og kjente om eg ikkje kunne starte opp att som instruktør.

Etter fleire rundar i "tenkeboksen" kom eg fram til at eg ville starte med gruppetrening.

Sportakus vart til i september 2009 - og har idag medlemmar i alle aldrar -

frå 12 til godt over i veka. Treninga er for alle - uansett form, kjønn eller alder.



Kvifor starte med gruppetrening?

Det var fleire gode grunnar til å starte opp:

»Først og fremst: Trene saman med nokon - etter musikk-  gir meg ekstra energi og får meg til å yte litt ekstra.


»Viktig at det finst eit treningstilbod for alle 

– ikkje berre born – men også for vaksne.Det er viktig å halde seg i form.


»Arbeidet foregår ikkje lenger med kroppen, men med hovudet.

Stadig fleire har eit einsformig og stillesitjande arbeid. Kroppsmaskineriet er sett ut av drift store delar av arbeidsdagen. Resultatet er belastningsskader på muskulatur og skjelett, og eit fysisk og mentalt ubehag.


Om meg

Namn: Stina Gunhildgard, fødd 1978

            dagleg leiar, Sportakus


Utdanning/jobb:

Idrettslinja Gol vidaregåande skule

Allmennlærar ved Høgskulen i
Sogn og Fjordane.

Har vore lærarvikar og allmennlærar frå
1998.

Jobbar ved Nedre - Ål skule.

Grunnkurs fitness,treningsveileder og
Personleg trenar ved Norges Idrettshøgskole.


Trening:

Har vore  aktiv i alle år med handball & fotball. Var også aktiv i langrenn, samklang turn,

drill & symjing - så har vore innom ulike idrettar frå eg var veldig liten.

Har jobba som step/styrke instruktør sidan 2005.

Har ulike kurs innan step & styrke.

Har A-trenarkurs frå handballen.

Har hatt "ledelse og instruksjon".

Har vore/er trenar for jente – og gutelag i både handball og fotball.

Har trent styrketrening i mange år – og synest styrke og step er veldig artige treningsformer.




Godt sitat frå forelesar på Norges Idrettshøgskole:

"Om du ikke setter av tid til å trene - må du senere sette av tid til sykdom"


Hovudmål for timane:


 ”Du bør ikkje føle du må trene, men ha lyst til det!”


Målet mitter å få til eit Aktivitetssenter på Ål, med eige styrktreningsrom, spinningssal, gruppetreningsrom og aktivitetsrom for ungar.






















Når du startar med trening...

                     ...er det lurt å ha ein realistisk plan.


Har du aldri tid til trening? Når du aldri måla dine?

Kva er eigentleg måla dine? Er dei konkrete nok?


Årsaka til at du ikkje lykkast med livsstilsendringane dine, kan henge saman med planen du starta med - eller hadde du eigentleg ein plan?


3 forpliktande avtalar med deg sjølv!

1.Attraktivt:
Du må føle målet du set deg som attraktivt; noko du verkeleg har lyst å få til, slik at du ikkje mistar motivasjonen undervegs.


2.Målbart:
Målet ditt må vera av ein målbar karakter. Altså ikkje "eg skal bli i betre form", men "eg skal kunne jogge 5km på 40 minutt innan 1/1-2014".


3.Realistisk:
Målet må vera realistisk både mht din fysiske karakter og tid.
Du bør
tidsbegrense målet ditt, slik at du ikkje kan skyve det framfor deg. Til  dømes: innan nyttår skal du klare å  springe samanhengande i 30 minutt utan å stoppe. Deretter må strategien bli lagt; Korleis skal du koma frå A til B - eller: Korleis skal du nå målet ditt utfrå kor du er i dag?
Ein personleg trenar kan hjelpe deg med å nå måla dine.


Kvifor bruke personleg trenar?

Tren rett - yt meir - lagar treningsopplegg som passar deg!


PT i gruppe er eit tilbod for deg som ynskjer tett oppfølging saman med andre. Gruppa består av 3 – 6 personar som trenarsaman med einpersonlegtrenar til avtalte tider. PT tilpassar treningsopplegget individuelt til alle i gruppa og sørger for at alle får optimal trening. Alle uansett alder og form kan trene med PT. For PT i gruppe, anbefalarme at: personar med omtrent same målsetning og/ eller som kjenner kvarandre går saman i gruppa.



Det er aldri for seint å starte med trening!

Treninga er for alle -
uansett form, kjønn eller alder!


Velkommen på trening!








Korleis Sportakus vart til...

stina@sportakus.no        www.sportakus.no      mob: 90 13 53 57