Medlemskontrakt


Alle medlem må skrive under denne medlemskontrakta før du startar med treninga.

Har du skrive under kontrakta i 2013, gjeld den så lenge du er medlem hjå Sportakus.


Her ser du medlemskontrakta

Medlemmet er sjølv ansvarleg for at ho/han er helsemessig skikka til å vera med på det Sportakus tilbyr.

Trening skjer på eige ansvar. Sportakus fråskriv seg alt ansvar på tap av verdigjenstand og personskade som oppstår under medlemmet sitt opphald på trening. T.d tap og skadar på personlege kle og eigendelar.

Om ein instruktør ikkje kan møte på ein time – kan timen bli utsett /ein   annan instruktør køyrer ein anna time / eller de må ta drop-in på andre timar.

Kun innesko i treningslokala.

For å kunne trene hjå Sportakus – gruppetreningstimar - må ein foreldra melde deg på om du er under 18 år. Medlemskontrakta må vera signert av foreldre / foresatte over 18 år.


Det er bindande påmelding pga me må ha oversikt over kor mange timar me skal setje opp - kor mange timar me skal leige gymsal og kor mange timar me treng instruktørar.


Om du av helsemessig årsak - plutseleg ikkje kan vera med på din faste oppsette time - kan du bytte time - eller gjera avtale der ein annan person overtek timen din.

Melder du deg på, må du betale fullt beløp for timane du har meldt deg på.  Håpar de har forståing for dette.


Betalingsfrist = i løpet av første treningsveka i kurset.

Kontonr: 2320 15 90787.

Ved for sein betaling – kjem eit gebyr på 200 kr.


Om du ikkje kan på timen du er oppsett på – sei i frå seinast dagen før.
Då kan du setja deg opp på ein drop- in time utan å betale for den. OBS! Det kan vera fullt!

Om du ikkje seier frå at du ikkje kan på din oppsette time – så får du ikkje teke timen att – då tel det som møtt.


De må "bruke opp" timane de har betalt for før kursa er ferdig – og nye kurs startar.
Er kurset på 15 veker – må timane brukast opp før dei 15 vekene er ferdige.


Medlemmet har sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på nettsida:
        www.sportakus.no

                                  Her blir viktig informasjon lagt ut.




Namn________________________________________________________________



Adr_________________________Postnr:_______________Fødselsdato:___________


Mob:______________________ E-mail_________________________




Eg har lest, forstått og godkjent innhaldet i denne kontrakta.

Avtala gjeld så lenge eg er medlem av Sportakus.



Dato:______________Underskrift:__________________________________________

Velkommen på trening!

stinag20@hotmail.com        www.sportakus.no      mob: 90 13 53 57