Pris
Betalingsfrist =
14 dagar etter oppstart.
Kontonr: 2320 15 90787
Merk betalinga med namn på deltakar - og ikkje namnet på sambuar...
Ved for sein betaling =
purregebyr 200 kr
Det er bindande påmelding pga me må ha oversikt over kor mange timar me skal setje opp - kor mange timar me skal leige gymsal og kor mange timar me treng instruktørar.
Om du av helsemessig årsak plutseleg ikkje kan vera med på din faste oppsette time, kan du bytte time - eller gjera avtale der ein anna person overtek timen din.
Melder du deg på, må du betale fullt beløp for timane du har meldt deg på.
Håpar de har forståing for dette.
Kurs info
Eitt kurs = 10-15 gonger
( Sommarkurs er på 6 og 7 veker)
Om du ikkje kan på din "faste time" - sei i frå seinast dagen før.
Då kan du setja deg opp på ein drop-in time - utan å betale for den - slik at du får dei 15 gongane du har betalt for. Det kan vera fullt!
Om du ikkje seier frå at du ikkje kjem på din "faste time" - så får du ikkje teke att timen. Då tel det som møtt.
De må bruke opp timane de har betalt for før dei ulike kursa er ferdige
Dvs dei ulike kursa er ferdig i veke 19 - 26 - 32 - 49.
Om du har meldt deg på eitt kurs veke 3-19, = 15 veker = 15 gonger,
må du bruke opp dei 15 gongene før veke 19.
Alle under 18 år : Foreldre/foresatte må melde deg på.
Drop-in
20-66 år: 150 kr
10-19 år: 100 kr
67 år+ : 100 kr
Berre å møte opp utan å seie frå! MEN - det kan vera fullt, så det kan vera lurt å setja seg opp på Drop - In lista som du finn i gangen til trening, eller sende ein mail til stinag20@hotmail.com.
Vil helst melding (sms /mesenger) ang bytte av timar - har ikkje Drop - in lista med meg...
Om du ikkje kan på timen du er oppsett på, kan du møte opp på andre timar slik at du får antal timar du har betalt for. Set deg gjerne sjølv opp på drop-in lista som ligg på bordet i gangen til trening.
Set du deg opp på drop-in lista - må du betale for timen uansett.
Då tek du opp ein plass, og må derfor betale for den / tel som møtt ein gong.
Alle kan vera med!
Uansett om du er stor eller liten, gamal eller ung, godt trent eller utrent!
stina@sportakus.no www.sportakus.no mob: 90 13 53 57
Velkommen på trening!