Sportakus har kjøpt inn: Activio pulssystem.  Genialt verktøy  for både utrente og godt trente.

Activio pulssystem

30 anonyme pulsklokkene på veggen

             -->

Artig gruppetrening i spinningsalen og på andre pulstimar!

Activio er eit enkelt og effektivt konsept for å trene

pulsbasert i gruppe – individuelt og anonymt.
Med ein direkte pulsfeedback får
deltakarane ei unik treningsoppleving og verdifull hjelp til å finne riktig individuelt treningsnivå ut frå sine eigne forutsetningar og treningsmål.


Du ser din individuelle treningspuls, med anonymt nummer på storskjerm.

Spinningklassen følgjer ein bestemt løypeprofil, vist under klokkene. Då ser du kor lenge du skal vera i dei ulike sonene, og heile tida kor lang tid du har att av timen.


Korleis?

Før timen, loggar deltakarane seg inn via berøringsskjermen som du ser på biletet ved sida av. Der angir du din alder eller makspuls, noko som blir brukt til å berekne deltakarane sine individuelle treningssoner.Dette får du hjelp av instruktøren.



Du får ei brikke med nummer 1-30 av instruktør. Du festar brikka til ein strikk som du festar rundt livet -rett under brystet. Pass på at brikka er inntil kroppen - og ikkje ligg oppå t.d treningsbh.


Strikk er noko alle må kjøpe som vil bruke activio pulssystem.

Strikken kan brukast i fleire år.


Kvifor ta  pulsen  (sjå på hjartefrekvensen) når ein trenar?

Ved treninga er det viktig å finne riktig nivå ut frå kva ein vil oppnå, til dømes utvikle hjartet og kroppen sin kapasitet, auke forbrenninga og kaloriforbruket effektivt, eller utvikle muskelstyrken.


Activio opererer med 5 pulssoner:

Sone 1 (50-60% av maxpuls):

helsegevinst


Sone 2:(60-70% av maxpuls):

Styrkar hjartet, utviklar kapillærårene, auka feittforbrenning,raskare restitusjonstid.


Sone 3: (70-80% av maxpuls):

Auka aerob kapasitet og prestasjon. Styrkar hjartet.


Sone 4: (80-90% av maxpuls):

Aukar hjartet sin pumpekap, betre lungefunksjon, aukar prestasjonsevna og betre mjølkesyretoleranse.


Sone 5: (90-100% av maxpuls):

Aukar anaerob kapasitet: musklane sine evner til å jobbe utan tilgang på oksygen.


Klokkene

På biletet , ser du ei klokke med dei same fargene som beskrive over.

5 farger= 5 pulssoner.

Alle har kvar si anonyme klokke som vist ,på storskjerm.

Ingen veit kva for ei klokke du har- ikkje instruktøren eingong!

På klokka di ser du pulsen og % av maxpuls som du har.

Instruktør kjem til å forklare meir på timane om puls - og trening med puls.


Undervegs i timen:

Instruktør veiledar deg i kva for sone (farge) du skal prøve å liggje til einkvar tid i timen.

Er du heilt nybyrjar, kan du liggja t.d ei farge (ei pulssone) under det instruktøren seier.

DØME: Om  instruktøren seier du skal prøve å jobbe  høgt opp i pulssone gul,

kan du t.d prøve å liggja høgt i pulssone grøn om du ikkje er så godt trent.




Activio er artig trening for både heilt utrente og godt trente!

Hjartefrekvensen gir ein ærleg, faktisk og direkte informasjon om kor hardt me verkeleg jobbar under timen.


Activio pulssystem blir brukt på alle pulstimar.

Du vel sjølvsagt sjølv om du vil bruke Activio når du trenar!


Lykke til med treninga!




stinag20@hotmail.com    www.sportakus.no         mob: 90 13 53 57