Korleis?
Legg 10 boksar rundt omkring på skulen. Boksane må ha hengelås med kodelås. Legg eit oppgåveark ved boksen. Elevane må løyse oppgåvene på arket, for å finne fram til rett kode.
Rett kode på hengelåsen:
Om elevane har funne rett kode til hengelåsen, ligg det ny oppgåve inne i boksen. Elevane må løyse oppgåva inne i boksen, for å kome fram til rett bokstav - som dei set inn på svararket sitt.
Rett kode på hengelås på10 boksar:
Når elevane har funne rett kode på 10 boksar og løyst oppgåvene inne i kvar boks, har dei løysingsordet. Kva for gruppe klarer dette?
Gruppa som er raskast får 10 p, nest raskaste gruppe 9 p osv.
Tips:
Legg Halloweenfigurar som edderkopp, skjelett, spindelvev m.m. i boksane. Elev som løyser oppgåva til boksen først, tek med seg tingen i boksen - som gir eitt ekstrapoeng.
Til lærar:
Du bør sette av minst 90 min til dette pr. gong.
Elevane brukar ca 90 min x 3 gonger for 5.-7.trinn til dette opplegget. Lurt at elevane er 2 pr. gruppe.
Legg fleire oppgåveark ved dei ulike boksane, slik at fleire grupper kan løyse same oppgåve samtidig. Det er kun lov å ta i boksen når ein har alle sifra til kodelåsen.
Under ser du ei oppgåve for å opne boksen med tresifra kode og ei oppgåve som kan vera inne i boksen som skal fram til ein bokstav.