Step 1 og Step 2
Step: Brukar ei kasse med tre ulike høgder der ein går opp og ned. Låg belastning på kne og ledd på trinn 1- tilsvarar rask gange.
Step1= svært enkle trinn der alle følgjer lett med.
Step 2: går raskare fram i program, trinnkomb. Grundig veil.
Dans
jazz- funk - hip- hop - zumba m.m
Timen for deg som vil ha pulsen opp med ulike danseartar og zumbarytmer. Timen består av element frå hiphop, jazz,funk, zumba m.m.
Ein artig time der alle heng med uansett form , alder eller kjønn!
Zumba
Folk i alle aldrar likar den fengande musikken, dei lettlærte dansetrinna og dei synlege fysiske resultata. Timen for deg som vil ha pulsen opp med enkle trinn og ulike danseartar med Zumbarytmer. For alle- uansett form eller alder!
Pulsgolv
4x4 intervall
Få opp pulsen i 4 min på golv, (t.d hopp opp ned step, springe/gå kortside m/pushups etter kvar runde m.m) deretter drikke/roe ned ca 30 sek, så 3 ½ min styrke på matte x 4 rundar . Tren i ditt tempo og etter din form.
Styrke = fokus overkr.+ mage/rygg matte. For alle – også MENN!
Spinning
Sykling til musikk i ulik hastigheit og motstand.Folk på forskjellige nivå og alder kan trene saman.
På nokre timar viser me ulike sykkelløyper frå Ål på storskjerm m/ musikk til medan me trenar. Sykle i ditt tempo/motstand som passar deg! No også med ACTIVIO PULSSYSTEM.
Les om dette på sida Activio pulssystem. For alle - uansett form.
Pulsaerobic
4 x 4 intervall
Få opp pulsen i 4 min på golv, med aerobicøvingar. Deretter drikke/roe ned ca 30 sek, så 3 ½ min styrke på matte x 4 rundar . Tren i ditt tempo og etter din form. Styrke: spes. mage/rygg. Passar best for DAMER!
Aktiv med barn
Ein vaksen + eitt barn=ein plass.
Mål: mest mogleg aktivitet for store og små der me leikar og har det moro!
Aktivitetar kan vera at den vaksne dreg eit barn på ei matte over gymsalen –
hentar ein kloss – spring/går tilbake og byggjer høgast mogleg tårn på andre sida av gymsalen.
Fin time for Gommo/Goffa/ mor/far med barn/barnebarn ca 2-6 år.
Pulsstep 30 Zumba 30
Step: Brukar ei kasse med tre ulike høgder der ein går opp og ned. Låg belastning på kne og ledd på trinn 1- tilsvarar rask gange.
Step1= svært enkle trinn der alle følgjer lett med.
Timen for deg som vil ha pulsen opp! Step med enkle trinn og zumba med ulike danseartar og Zumbarytmer.
For alle- uansett form og kjønn!
Puls
Startar med oppvarming ca 10 -15 min. Deretter både kondisjonsdel og styrkedel for kjernemuskulatur.
ca 4 min kondisjon -
ca 2 min styrkeøvingar, deretter
ca 4 min kondisjon,
ca 2min styrke osv...
Enkle trinn og effektive øvingar!
Ein time for deg som vil ha både kondisjon og styrke i same timen -
artig og effektivt til fengande musikk.
Du kan velge om du vil hoppe eller ikkje.
Instruktøren viser begge delar.
For alle – enkle men effektive øvingar. For alle!
Spinning 30/ pump 30
Spinning:
sykle til musikk i ulik hastigheit og motstand.
Folk på forskjellige nivå og alder kan trene saman.
Sykle i ditt tempo/motstand som passar deg!
Pump:
Styrketrening m/ vektstang/manualar.
Trenar heile kroppen.
Trening for dei som vil trene lett styrke og mange repetisjonar.
Ein song pr muskelgruppe(ca 4min).
Passar veldig bra for nybyrjarar.
Grundig veiledning.
4x4 intervall : Spinning eller innebandy +styrke
Oppvarming ca 12 min på sykkel.
Derretter4 min hard intensitet på spinningsykkel eller innebandy
så 1 min roleg på sykkel,
3 min styrke på matte
x 4 rundar.
Sykle i ditt tempo og etter din form.
Styrke= fokus overkr.+ mage/rygg matte.
For alle - både godt trent og utrent!
Sykle i ditt tempo og legg på belastning etter form.
Crossfit
Både utholdenhet - og styrketrening med enkle, men effektive øvingar.
Du trenar så hardt du vil.
Her får du sveitta litt ekstra - om du vil!
under kan du lesa meir om:
Zumba
Step
Spinning
Linedance
Zumba
Zumba Fitness® vart funne opp på midten av 1990-talet av søramerikanaren Alberto “Beto” Perez, treningsinstruktør for kjendisane og koreograf for internasjonale super-pop-stjerner.
Med inspirasjon frå den tradisjonelle musikken cumbia, salsa, samba og merengue som han vokste opp med, kombinerte Beto dei pulserande latinorytmene han likte best, med dei hotte internasjonale dansetrinna som kundane han hadde elska; Zumba Fitness® var født!
Etter at Beto viste Zumba Fitness® til USA i 1999, har den blitt ein av dei dansebaserte treningsformene som har utvikla seg raskast. Folk i alle aldrar likar den fengande musikken, dei lettlærte dansetrinna og dei synlege fysiske resultata. sjå video HER!
Step
Kva er step?
Step er ein dynamisk treningsform der ein går opp og ned på ein regulèrbar plattform (ein Step) til musikk. Programmet inneheld ulike step-trinn, samt armrørsler. Stepkassa har tre ulike høgder.
Den største fordelen med Step-trening er at det gir stor kondisjonseffekt, men låg belastning på sener, musklar og ledd.
Det er vist at belastningen på beina under step-trening er tilsvarande den ein har
ved gange i ein hastighet av 5 km i timen.
Spinning
Spinning er sykling til musikk i ulik hastigheit og motstand.
For alle - uansett form og vekt. (Syklane tek opptil 140 kg.)
Du treng ingen koordinasjonsevne for å beherske spinning.
Folk på forskjellige nivå og alder kan trene saman.
NB: 20 stk pr time.
Spinning
- God feittforbrenning pga tempo er konstant. Ingen kvile i nedoverbakke som ved sykling ute.
- Skadefri - flott for gravide. Sykling ute er det fare for fall
- Alle nivå kan trene saman utan å bli sykla frå...
- Du treng ingen koordinasjonsevne
- trenar store muskelgrupper: beina, sete spesielt --> bra for forbrenninga. Jo større musklar i aktivitet - desto høgare forbrenning.
- bra hjarte/lungetrening
- Lite belastande - ingen støt
- Svært bra for gravide pga skånsomt for bekken, anklar, kne: utan slag
- Forventa kcal forbruk pr time: hard time= ca4-500 kcal lett time: ca250-400 kcal
Hugs at ved trening aukar kvilemetabolismen (energiforbruket i kvile) - i tillegg til det du forbrenn i sjølve treninga!
Sykkelløyper frå Ål på storskjerm
Det blir vist sykkelløpe som er filma med hjelmkamera frå ulike plassar på Ål med musikk til. Instruktørane viser sykkelløper frå Ål på dvd. Det er sjølvsagt alltid musikk til medan me trenar.
Lurt å ta med til timen:
Joggesko / sykkelsko
joggebukse/shorts/sykkelbukse
handkle
2 drikkeflasker
Linedance
Linedance nybyrjar er ein danseform som har blitt meir og meir populær i Norge. Ein av grunnane til dette er at den passar for alle uansett alder, kjønn eller kroppsbygning. Som namnet seier: Linedance blir dansa på rad og rekke eller i andre formasjonar, så du treng ingen dansepartner for å bli med. Linedance blir dansa til koreograferte trinnkombinasjonar. I dag blir Linedance dansa til nesten all type musikk : country, rock og swing til mambo og cha cha. Timen ein nybyrjartime der me går gjennom trinna nøye.
Er du glad i å danse og likar musikk med fart i? Då er Linedance noko for deg!
Linedance stammar frå Countryen sitt heimland USA, men det var opprinneleg folk frå Irland og Storbritania som tok med seg danseformen då dei utvandra til Amerika. Dei som har sett Linedance kan lett forstå at dansen byggjer på tradisjonane til Irsk folkedans. Den største utviklinga har skjedd i country & western miljøet, og derfor namnet "Country Line Dance".
Dei siste åra har Linedance vokst stort over heile verda, og med populariteten har også profesjonelle dansarar sett sitt snitt til å introdusere komponentar frå andre stilartar som Waltz, Cha Cha osv. I dag er Linedance sett på som ein seriøs dansestil, og det blir konkurrert både nasjonalt og intertnasjonalt.
Kondisjon og Kombitimar