NYTT!
Sportakus har kjøpt inn: ACTIVIO PULSSYSTEM...
Genialt verktøy for både utrente og godt trente.

Artig gruppetrening i spinningsalen og på andre pulstimar!
Activio er eit enkelt og effektivt konsept for å trene pulsbasert i gruppe – individuelt og anonymt. Med ein direkte pulsfeedback får deltakarane ei unik treningsoppleving og verdifull hjelp til å finne riktig individuelt treningsnivå ut frå sine eigne forutsetningar og treningsmål.
Du ser din individuelle treningspuls, med anonymt nummer på storskjerm.
Spinningklassen følgjer ein bestemt løypeprofil, vist under klokkene. Då ser du kor lenge du skal vera i dei ulike sonene, og heile tida kor lang tid du har att av timen.
Korleis
Før timen, loggar deltakarane seg inn via berøringsskjermen som du ser på biletet under. Der angir du din alder eller makspuls, noko som blir brukt til å berekne deltakarane sine individuelle treningssoner.
Dette får du hjelp av instruktøren.
Du får ei brikke med nummer 1-30 av instruktør. Du festar brikka til ein strikk som du festar rundt livet -rett under brystet. Pass på at brikka er inntil kroppen - og ikkje ligg oppå t.d treningsbh.
Strikk er noko alle må kjøpe som vil bruke activio.
Strikken kan brukast i fleire år og kostar 150 kr.

Kvifor ta pulsen (sjå på hjartefrekvensen) når ein trenar?
Ved treninga er det viktig å finne riktig nivå ut frå kva ein vil oppnå, til dømes utvikle hjartet og kroppen sin kapasitet, auke forbrenninga og kaloriforbruket effektivt, eller utvikle muskelstyrken.
Activio opererer med 5 pulssoner:
Sone 1 (50-60% av maxpuls):
helsegevinst
Sone 2:(60-70% av maxpuls):
Styrkarhjartet, utviklar kapillærårene, auka feittforbrenning,raskare restitusjonstid.
Sone 3: (70-80% av maxpuls):
Auka aerob kapasitet og prestasjon.Styrkarhjartet.
Sone 4: (80-90% av maxpuls):
Aukarhjartet sin pumpekap, betre lungefunksjon, aukar prestasjonsevna og betre mjølkesyretoleranse.
Sone 5: (90-100% av maxpuls):
Aukar anaerob kapasitet: musklane sine evner til å jobbe utan tilgang på oksygen.